Sikta for uriktig forklaring etter valdsmelding i Nygårdsparken
by Håvard Heggen – Journalist · NRKPolitiet understrekar at dei ikkje har konkludert og at begge sakene framleis er under etterforsking.
I september i år fortalde SK Djerv-spelaren Hamse Ali (25) at han var på veg heim frå fest, og at han vart angripen av seks menn i Nygårdsparken i Bergen rett før han var heime.
Saka fekk stor merksemd på ulike nettstadar.
Laurdag sende politiet ut pressemelding der dei skriv at det er sprik mellom det datagrunnlaget viser og forklaringa til Ali.
– Hamse Ali har vore i avhøyr hos politiet denne veka og blitt presentert for data som avvik frå hans eigen forklaring.
Foto: Steffen Johan Johnstad / NRK
Samarbeider med politiet
Hamse Ali har no fått oppnemnt Anette Askevold som forsvarar, som seier til NRK at «dei er kjende med at politiet har ein alternativ hypotese».
Ut over dette ønsker ho ikkje kommentere saka noko nærare, men ho stadfestar at Ali samarbeider med politiet og at han skal i nye avhøyr.
I pressemeldinga skriv politiet at dei har innhenta og gått gjennom ei rekke elektroniske data frå mellom anna mobilnett og leige av elsparkesykkel.
Det er i tillegg gjennomført fleire vitneavhøyr.
Det er på bakgrunn av dette politiet meiner dei har ein detaljert oversikt over Hamse Ali sine rørsler natt til 22. september.
– Han fekk status som mistenkt i samband med avhøyret som var no på torsdag, seier politiadvokat Per Øyvind Valland.
Fordi politiet i etterkant har gjennomført ransaking, har han no status som sikta.
Valland ønsker ikkje å seie noko meir om Hamse Ali si forklaring, men stadfestar at han skal inn til nye avhøyr tidleg i neste veke.
Foto: Steffen Johan Johnstad / NRK
Store støttemarkeringar
Reaksjonane let ikkje vente på seg etter at Hamse Ali gjekk ut i media og snakka om valdshendingane. Det vart gjennomført fleire støttemarkeringar.
Saka utløyste mellom anna fakkeltog mot rasisme og ein pengeinnsamling som gav meir enn 200.000 kroner.
Foto: Christel Higraff / NRK