Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Helsetilsynet slår fast at privatklinikken Austad har brote fleire lover
by Synnøve Hole – Journalist · NRKAustad Diagnostikk driv privatklinikkar 15 stader i landet og hadde i fjor ei omsetning på nesten 75 millionar.
Tusenvis av nordmenn kjøper «helsesjekk» frå selskapet kvart år.
Men kjeda har fått kritikk frå fleire aktørar i det offentlege helsevesenet.
Legeforeininga har tidlegare sagt at selskapet utnyttar folk med helseangst.
No slår Helsetilsynet fast at kjeda bryt lova på sentrale punkt:
- Brot på forsvarlegheitskravet i spesialisthelsetenesten
- Brot på helsepersonellova om ressursbruk, informasjon til pasientar/pårørande og marknadsføring
- Helsetilsynet konkluderer også med at Austad Diagnostikk ikkje har godkjenningar til å drive laboratorie- og røntgenverksemd
No har selskapet fått frist til 1. november med å gjere greie for korleis dei vil rette opp i lovbrota.
Dagleg leiar Gunnar Austad seier til NRK at han nettopp har fått konklusjonen, og vil lese det nøye før han kommenterer.
Foto: Espen Bierud / NRK
Hevdar pasientar er påført unødvendige utgifter
Ein sentral del av forretningsmodellen til Austad Diagnostikk er å selje ultralydundersøkingar i form av «helsesjekk».
Allereie før Helsetilsynet starta formell gransking, uttalte leiinga i tilsynet at dei er svært kritiske til at friske personar blir undersøkte med ultralyd utan at dei har plagar, symptom eller sjukdom.
Etter å ha granska selskapet, står kritikken ved lag:
«Når Austad Diagnostikk tilbyr helsesjekk med ultralyd der det gis inntrykk av at undersøkelsen er en helsesjekk med forebyggende effekt, påføres pasienter unødvendig utgift og unødvendig tidsbruk. Vi har videre merket oss at det har blitt gjennomført helsesjekk med ultralyd av flere pasienter, der ultralyd ikke var egnet til å utrede pasientens symptomer og plager, og der pasienten burde blitt informert om dette», heiter det i konklusjonen til Helsetilsynet.
Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK
Har bedt om gransking i lang tid
Han meiner forretningsmodellen til firmaet fører til eit unødvendig press på det offentlege helsevesenet om å følgje opp mange ufarlege funn.
Han er fornøgd med at Statens helsetilsyn har konkludert.
– Eg meiner det er bra at vi no har fått ei tydeleg avklaring frå Statens helsetilsyn. Dette er ei omfattande og grundig vurdering som konkluderer med fleire lovbrot. Det viktigaste er ikkje at nokon blir «felt», men at pasientane kan vere trygge på at helsetenester som blir tilbydd i Noreg er fagleg forsvarlege og byggjer på dokumentert nytte, seier Innerdal.
Han trur avgjerda kjem til å få konsevensar også for andre verksemder.
– Avgjerda vil truleg få noko å seie for alle verksemder som tilbyr liknande helsesjekkar. Den sender eit tydeleg signal om at helsetenester må ha eit solid fagleg grunnlag, at pasientane skal få korrekt informasjon, og at marknadsføringa må vere sakleg og balansert.